Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Produksjonsleiar

Arbeidsgiver
Hardingsmolt AS
Sted
Tørvikbygd, Kvam herad
Søknadsfrist
18. okt. 2021

Vis mer

Sektor
Havbruk og oppdrett
Rolle
Ledelse, Produksjon
Stillingstype
Fast

Stillingsopplysninger

Grunna planar om auka framtidig produksjon ser Hardingsmolt behovet for å skilje ut ei stilling i administrasjonen og søkjer difor etter kandidatar til stilling som Produksjonsleiar med base i Tørvikbygd i Kvam herad.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna produksjons- og operasjonsplanlegging med fokus på å optimalisere og produsere effektivt.
  • Aktiv bidragsytar til leiargruppa og oppfølging av produksjonen for å nå firmaet sine målsetjingar.
  • Personalleiing og utvikling av medarbeidarar.
  • Bidra til oppdatering, og sikre etterleving av prosedyrar og lovkrav.
  • Status rapportering til forsikring, myndigheiter og dagleg leiar.
  • Situasjonsberedskap
  • Delta i fiskehelse-, administrative- og teknisk team.
  • Vere pådrivar til teknisk og organisatorisk utvikling.

Ynskte eigenskapar:

  • Høgare utdanning med erfaring innan fiskeoppdrett/produksjon, gjerne med kunnskap om vannkjemi.
  • Leiarerfaring frå produksjonsverksemd, helst oppdrettsnæringa eller næringsmiddelproduksjon.
  • Sterk på IT og erfaring med digitale verktøy
  • Operativ og løysingsorientert, god teknisk innsikt
  • Ansvars- og kvalitetsbevisst
  • Nøyaktig og strukturert 

Vi kan tilby:

  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Ei spennande leiarstilling i ei verksemd i utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og godt arbeids miljø. 
  • Gode pensjons - og forsikringsordningar 

Stillinga rapporterer til Dagleg leiar. Noko reising til vår lokalitet på Fitjar må påreknast.

Ved ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, tlf 94177549. Send søknad og CV innan 18. oktober 2021.

Firma

Hardingsmolt AS er ein settefiskprodusent lokalisert i kommunane Kvam og Fitjar. Selskapet er eigd av Fremskridt Laks as og Kobbevik & Furuholmen Oppdrett as, og har dei siste åra gjennomført ei omfattande utvikling av produksjonsanlegga med landbasert resirkuleringsteknologi i Tørvikbygd, og lukka, merdbasert oppdrett ved lokaliteten Koløy N.

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel