Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Dagleg leiar for Eide Båt AS

Arbeidsgiver
Eide Fjordbruk
Sted
Eikelandsosen
Søknadsfrist
5. feb. 2023

Vis mer

Sektor
Havbruk og oppdrett
Rolle
Annet, Ledelse
Stillingstype
Fast

Stillingsopplysninger

Me ynskjer å lede ein bevegelse som redefinerer korleis vi produserer fersk, naturleg og berekraftig sjømat for vår og framtidige generasjonar. Eide-gruppa er ei tredje generasjons familieeigd verksemd med ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Me har fleire satsingar der berekraft og teknologi står i fokus, og våre største forretningssatsingar hittil er på trappane. I tida framover kjem me til å vokse enda meir og skapa endring både i verksemda og næringa me er ein del av. Me ser no etter ein dreven dagleg leiar for eit av selskapa i konsernet: Eide Båt AS 

Eide Båt AS er eit nystifta rederi som eig og driftar båtparken i Eide. I dag har me om lag 30 båtar, i hovudsak katamaranar under 15 meter og ei rekkje mindre arbeidsbåtar. Desse nyttast til dagen i både mindre og større arbeidsoperasjonar ved Eide sine lokalitetar i Hardanger, Osterfjorden, Fensfjorden, og Nordfjorden. I tillegg til service til anlegga vil Eide Båt AS óg ha personaltransport til anlegg og visningssenteret Salmon Eye.

 

Om rolla

Hovudoppgåva du vil ha som dagleg leiar er å drifta og utvikla verksemda og båttenestene. Du vil ha ansvar for forvalte og utvikle tenestene rundt anlegga til Eide på ein best mogleg måte, med fokus på service, forvaltningsansvar og biosikkerhet. I rolla vil ha ansvar for den kommersielle drifta og skal sikra effektiv og sjølvstendig drift av Eide Båt AS.

 

Dette inkluderer:

  • Dagleg drift av Eide Båt AS i tråd med Eide sine verdiar og gjeldande lov- og regelverk
  • Sikre effektiv og optimal utnytting av verksemda sine ressursar
  • Ansvar for å sikre riktig bemanning og mannskap i Eide Båt AS
  • Ansvar for den totale båtparken, inkludert kjøp, vedlikehold og evt. sal av båtar
  • Ansvar for at verksemda, personell, og båtar til ei kvar tid tilfredsstiller relevante krav frå myndigheiter og sertifiseringsorgan
  • Utvikling samt etterfølgelse av visjon og strategi
  • Identifisere nye utviklings- og forretningsmogelegheiter
  • Økonomistyring og økonomirapportering
  • Rapportering til styret

 

Verksemda er i ei spennandes utvikling, og som dagleg leiar i Eide Båt AS vil du óg vera med på utvikla aquaservice for framtidas lukka anlegg i sjø.

Kvalifikasjoner

Me ser etter deg som har erfaring frå rederi, gjerne både frå å ha arbeide på båt sjølv, men óg frå administrative oppgåver. Du har er forretningsretta og har erfaring frå å ta økonomiske avgjersle. Du har eit strategisk hovud og trivast med å utvikla verksemder. Samtidig er du er ein trygg leiar som er oppteken med å bygga team. 

Viktige egenskapar er:

  • Stabilitet: du er stødig og til å stole på, støttar teamet når det oppstår problemer
  • Gjennomføring: du utfører planar med utholdenhet og oppnår høg kvalitet
  • Bunnlinjefokus: du fokuserer på bunnlinja og identifiserer risiko og mogelegheiter
  • Personalleiing: du gjer teamet ei klar oppleving av retning, inspirerer og held fokus på måla
  • Analyse og vurdering: du forstår komplekse spørsmål og tar rasjonelle vurderinger
  • Effektiv kommunikasjon: du kommuniserer på ein klar, presis, og strukturert måte

 

Me tilbyr 

Det viktigaste er å ha det gøy. Du vil komma inn i eit godt miljø med kjekke dagar på jobb der du får faglege utfordringar og utviklingsmogelegheiter. Du vil arbeide i eit selskap som set standarden for framtidas havbruk, og er berekraftig. Vi tilbyr ein fast stilling med konkurransedyktig lønn, forsikringar og pensjonsordning.  

Hovudkontoret til Eide ligg i Eidestøa i Hålandsdalen, i Bjørnafjorden kommune. Det er 1,5 time frå Bergen, og 50 minutt frå Osøyro. Kommunen er ein flott stad å bu om du tenker på flytting. Spesielt for friluftslivsinteresserte er området eit eldorado med både fjord, skog og fjell. Eikelandsosen ligg 10 minutt unna kontoret. Her finn du det meste av servicetilbod – mellom anna treningshall, kjøpesenter, og tilbod for barn frå barnehage til vidaregåande skule. 

 

Søknadsinformasjon 

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg må du gjerne sende inn ein kort video der du fortel: 

  • Kort om deg og din bakgrunn 
  • Motivasjonen din for rolla 
  • Kva dine styrker er inn i rolla

Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med Lena Bekken, lena.bekken@efb.no, tlf 913 16 623 

For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Firma

I tre generasjonar har me i Eide produsert kvalitetsmat i vestnorske fjordar. Me er sikre på at fisk som har det bra, er fisk som også smakar godt. Bedrifta har vore blant pionerane i næringa og vore med på å forma fiskeoppdrett til den suksessen me ser i dag.

Innovasjon og skaparkraft er framleis ei viktig drivkraft i det me held på med, og me jobbar kvar dag for å utvikle næringa me er ein del av. Me ser det som vår oppgåve å bidra til langsiktig og bærekraftig utvikling av lokalmiljøet, både for folk, fisk og natur.

Naturen, hardtarbeidande menneske og teknologisk innovasjon har brakt oss dit me er i dag. Og, det er dette som skal ta oss inn i framtida. Me har ein visjon om å setja standarden for framtidas havbruk, noko me arbeidar for kvar dag. Du kan lese meir om oss her: www.efb.no

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel