Denne stillingen har utløpt

Spesialrådgjevar Fiskeri

Arbeidsgiver
Innovasjon Norge
Sted
Ålesund eller Molde
Søknadsfrist
5. okt. 2023

Er du vår nye spesialrådgjevar innan fiskeri?

Innovasjon Norge (IN) i Møre og Romsdal  skal styrke vår totale kompetanse innan fiskeri. Vi er derfor på utkikk etter ein ny spesialrådgjevar som skal ha ei avgjerande rolle i korleis IN utviklar seg som strategisk samarbeidspartnar for fiskerinæringa nasjonalt og regionalt.

Rolla er heilt sentral i korleis Innovasjon Noreg jobbar med kundar innafor fiskerinæringa.

Rådgjevaren vil ha ei leiande rolle i vår nasjonale kompetansegruppe, og får eit særskilt ansvar i nasjonale utviklingsprosessar gjeldande fiskeri.
Som rådgjevar vil du spele ei viktig rolle i korleis Innovasjon Noreg jobbar med flåtefinansiering i si heilheit. Du får også ansvar for oppfølging og vidareutvikling av kunde- og låneportefølja knytt til næringa i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Du vil få ein sentral funksjon på vårt kontor i Møre og Romsdal, med moglegheit til å påverke korleis IN skal støtte og arbeide i høve til fiskerinæringa.

Vi har ei sterk rolle som långjevar til ei lønnsam og framtidsretta fiskeri- og havbruksnæring. Du vil få fridom til å skape din eigen jobbkvardag, med høgt fokus på verdiskaping, samfunnsnytte og teamarbeid.

Vi har til tider mykje å gjere, og ser difor etter deg som trivast godt med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo. Eit av dine viktigaste fokusområde blir å hjelpe våre kundar i arbeidet med  grøn omstilling og auka berekraft.

IN skal leggje til rette for lønnsam næringsutvikling og internasjonal vekst der fylket har gode føresetnader. Vi er stolte over å kunne delta i spanande utviklingsarbeid for auka verdiskaping. Oppgåvene er varierte: Proaktivt arbeid med mobilisering, utarbeiding av behovsanalysar, aktiv dialog med kundar og samarbeidspartnarar, i tillegg til saksbehandling og oppfølging av aktuelle finansieringssaker.


Du vil meir konkret jobbe med:
 

  • Strategisk utviklingsarbeid innan fiskeri på nasjonalt nivå
  • Initiere og drive fram utviklingsprosessar som kan forbetre vårt arbeid med kundar og oppdragsgivarar
  • Følgje opp, vedlikehalde og vidareutvikle kundeportefølje og -nettverk
  • Aktivt marknads- og mobiliseringsarbeid mot relevante marknadssegment, bankar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbe fram gode saksinnsinnstillingar gjennom kundedialog, sparring, behovsavklaring og prosjektvurdering innan fiskeri


Vi ser for oss at du har:
​​

  • Relevant utdanning
  • God økonomisk og finansiell forståing og kompetanse. Vurdering av kredittrisiko og bedriftas evne til å betene lån er særleg relevant. Erfaring frå bank vil være ein fordel
  • Erfaring, kompetanse og interesse for fiskerinæringa, inkludert innsikt i biologi, verdikjedene for fiske, og politiske og marknadsmessige rammevilkår for næringa
  • Eit stort nettverk av kundar og relevante samarbeidspartnarar i regionen


Som person har du eit stort engasjement for å skape verdi for våre kundar. Du er analytisk, har evne til å setje deg inn i kompleks informasjon og komplekst talgrunnlag, og formidle dette vidare på ein forståeleg måte. Du ser etter forbetringar og nye måtar å løyse oppgåver på, og du tar initiativ for å få ting gjennomført. Du er god på kommunikasjon og likar at det er høgt tempo med variasjon i arbeidsoppgåvene. Du er løysningsorientert, strukturert og sjølvgåande i arbeidet ditt.

Kvifor jobbe hos oss? 
 

  • Rolla du går inn i, vil vere utfordrande, spennande og eit viktig bidrag i INs totale samfunnsoppdrag
  • Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Hos oss vil du bli satsa på, og du vil vere sentral i korleis IN utviklar seg som støttespelar for fiskerinæringa regionalt og nasjonalt  
  • Vi har fleksitid og moglegheit for heimekontor, dersom du ønskjer det
  • Ei svært god pensjons- og forsikringsavtale


Kontorstad: Ålesund eller Molde. Du må rekne med noko reising.

Søknadsfrist er seinast 5. oktober. Ytterlegere informasjon får du ved å kontakte vår rådgjevar i Prime, Ole Jan Rimstad (995 93 014), eller avdelingsleiar Mari Klokk Leite (tlf. 947 86 452).  Om ønskeleg kan innleiande dialog vera av konfidensiell karakter.

For stillingsutlysingar i det offentlege skal det etter utløpet av søknadsfristen utarbeidast ei offentleg søkjarliste. Her vil namnet til søkjaren, alder, bustadkommune og yrkestittel komma fram, jf. offentleglova § 25. Ønskjer du å reservera deg mot å bli oppført, må du seia frå om dette og grunngi kvifor. For ordens skyld blir det gjort merksam på at Innovasjon Noreg ikkje sjølv tek initiativ til offentleggjering av søkjarlista.

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel